top of page

Jobb hos Standar’n AS

Vil du bli ein del av Standar’n-teamet?

​

Standar’n AS vart etablert i 2011 av brørne John og Kjell Tofte på Sunde i Kvinnherad. Det som starta som sal av dekk, felgar og tilhengarar – og litt reparasjonsarbeid på si – har i dag utvikla seg til eit komplett bilsenter.
I moderne lokale på Teigen, Husnes, finn du både bilverkstad og bilhall med sal av nye Suzuki, Isuzu og bruktbilar, i tillegg til dekk, felgar og tilhengarar.

​

No ønskjer me å bli fleire!


Hos oss finn du eit lite, men samansveisa team som legg vekt på god service, kvalitet og ekte bilglede. Me ser etter deg som er engasjert, sjølvstendig og trivst med å yte det vesle ekstra for kundane våre.

 

Me tek òg imot lærlingar, elevar på utplassering og ungdommar som ønskjer sommarjobb og arbeidserfaring. Me trur på å gi unge ein god start på arbeidslivet!

​

Er du nysgjerrig på moglegheitene hos oss?


Send oss gjerne ein open søknad og CV – eller ta kontakt for ein uforpliktande prat.
Send til: post@standarn.no

Merk e-posten med «Jobb hos Standar’n».

​

Me gler oss til å høyre frå deg!

bottom of page